Slik får du ein unik profil som er berre din!

Når du er lei av å “google” etter inspirasjon.
Eg designar logo, etikettar, brosjyre, heimesider osv. skreddarsydd til DEG. 
Nedanfor ser du nokre av oppdraga eg har jobba med.

Design av Logo

Ein logo er “flaggskipet” i firmaprofilen din og legg grunnlaget for utforming av etikettar, annonser, bildekor, heimeside, brosjyre osv.
- Her ser du nokre logoar eg har designa.

Design av etikett og pakning

Etiketten på produktet ditt er “ditt ansikt utad”.
Når du er lei av å klyppe og lime og mekke etikettar, då kan eg hjelpe deg.
- Og du får tid til å gjere det du eigentleg kan ( og har lyst til).
Her ser du nokre etikettar eg har laga.

Er du i startfasen med ei lita bedrift og treng logo og profil?

I staden for at du kastar vekk ei mengd timar på
“å mekke noko sjølv”
kan eg lage reklame-
materiell for deg. Me avtalar pris på førehand.
Du får ein unik profil som er berre din!

Websider
Heimesider

Driv du eige firma? Då treng du heimeside.
Eg designar heimesider / websider for deg og klargjer alt materiell fram til publisering. Eg samarbeider med firmaet ITDrift som tek seg av av domene, koding, webhotell, backup og sikkerheit.
Sjå døme nedanfor.

Plakatar og infotavler

Det spesielle med ein plakat er dette:
Du har 3 sekundar på deg til å bli sett og forstått. Dersom overskrifta eller biletet er uinteressant - eller kryptisk-  er det farvel til den lesaren.
Her er nokre plakatar eg har laga:

Brosjyre eller falder

Eg designar og lagar brosjyre for deg og klargjer alt fram til trykking.
Eg kan hjelpe deg med disposisjon av innhald, tekst og forslag til type bilete.
- Her er nokre døme på brosjyrar eg har jobba med:

Bokdesign

Bøker tek tid, ofte stikk dei av på sine eigne vegar.
Eg kan hjelpa deg med redigering av innhald, layout og klargjera heile boka for deg, fram til trykking. - Her er nokre bøker eg har jobba med.

Siste blogginnlegg

Skroll til toppen