Lage LOGO

Eg kan designe ein logo for deg, eller lage logo frå ein ide du alt har tenkt ut.

 

Ein god logo sparar deg for masse styr

Logoen er ein viktig del av profilen din og skal kunne brukast til alt mogleg.

På klistremerker, etikettar, i annonser, på bilen din, på nettsida, på t-skjorter, på skilt, på bæreposar, i brosjyre, på plakatar… osv.
Dette er ting som kostar pengar å produsere. Og som gjerne skal vare nokre år. Då treng du ein god logo som fungerer i alle medium, både på trykk og på skjerm.
Logoen må kunne brukast i liten og stor størrelse. Mange små detaljar er ikkje spesielt lurt…

Du treng logo til etikettane dine, klistremerker eller pakningar
Du treng logo til brosjyre, annonser og andre trykksaker
Du treng kanskje logo til dekor på bilen din, eller til eit skilt ved verksemda di

Ein logo skal vare i mange år

– iallefall i “minst ti år” seier dei som har greie på det.
(ein kjend amerikansk leskedrikk har til dømes hatt samme logo i over 100 år, berre med mindre justeringar)
Logoen er ein del av profilen din, varemerket ditt, det som kundane dine skal kjenne deg igjen på.

Då er det ikkje spesielt lurt å endre logoen kvar gong du skal oppdatere heimesida di eller lage ny etikett.

Når du IKKJE har ein ordentleg logo, kan det hende du mekkar til ein “nød-logo” kvar gong behovet melder seg.
– Du stressar og kavar på kvar gong logoen skal hentast fram. Og logoen din endrar form og farge alt etter kva humør du er i og kvar logoen skal nyttast til.

Du treng logo til emballasje,
til bæreposar og innpakning
Du treng logo til t-skjorter eller til arbeidsklede og utstyr
Du treng logo til nettsidene dine, til sosiale media, til eposten din

Dette treng eg frå deg for å designe/ lage logo:

Eg vil ha mest mogleg info om firmaet ditt, eller produktet ditt.
Kva firmaet ditt gjer, kven er kundane, kva produkt eller teneste, beskriv kva inntrykk du vil at ditt firma eller ditt produkt skal gjere. Korleis vil du at ditt produkt ditt firma skal oppfattast?
Kva skal du bruke logoen til, har du logo frå før som skal endrast, osv osv.

Du får logo i fargar som er tilpassa din profil
Du får logoen i svart/kvit
Du får logo i negativ/kvit

Eg kan lage logo frå din ide – eller di skisse

Om du har ei skisse eller eit foto kan eg bruke dette som utgangspunkt for logo.
Eg vil gjerne ha dine tankar og ideear om korleis logoen di skal sjå ut.
– Fortel meg kva du likar eller kva du ikkje likar. – Hugs eg er ikkje tankelesar.
Send skissa / bildet til meg og me jobbar ut frå den. – Det kan hende eg må omarbeide skisse/ide litt. Teikningar må ofte justerast eller forenklast. Tekst må omgjerast til vektorbilder. Bilete må klargjerast og gjerne forenklast dersom dei skal nyttast som logo. Skrifttype må testast ut. – Og Logoen må fungere både i lite og i stort format osv.

Merk: Du kan ikkje “låne” andre sine teikningar/logoar eller figurar/bilete.
Dette gjeld og materiell du finn på internett, -eller andre stader.
Lov om opphavsrett set strenge krav til dette.

Logo frå grunnen av

Når du har null peiling på korleis logoen di skal vere, kan eg hjelpe deg.
I staden for at du skal bruke ein dullion timar på å klekke ut ein god logo til firmaet ditt, kan eg hjelpe deg med dette. Fortel meg alt om produktet ditt og ideen din, kva kundar du har/vil ha (målgruppa), om filosofien din (dersom du har nokon), kva fargar du likar/ikkje likar, osv…
Og eg er i gang.
Eg lagar ikkje “ferdig-logo” frå ein standard-mal, men EKTA logo teikna ut frå info frå deg.

Vektorlogo har transparent bakgrunn slik at den kan plasserast på ein farga bakgrunn eller på fotobakgrunn.
Vektor kan skalerast til kjempestor utan å missa kvaliteten.
Dette er ein ikkje-vektor logo i png-format. Png-format kan ha transparent bakgrunn. Ikkje-vektor-logo bør brukast i 1/1 størrelse. Skalerer du denne opp får den rufsete kantar, slik som her.
Dette er ikkje-vektor-logo arkivert som jpg-fil. Jpg-formatet har ikkje transparent bakgrunn og lagar ein kvit kladd under logoen, slik som her.

“Kan du lage VEKTOR-LOGO?”

(Dette er eit standard spørsmål når nokon spør meg om logo-laging)
JA. Alle logoar eg lagar er vektor.
– Dersom du alt har ein logo og du ikkje ANAR om den er i vektor, eller du har fått masing frå eit trykkeri eller liknande om å levere logo i vektor (og du kjenner du vert litt sur…)
– Eg kan hjelpe deg.
Send logoen til meg og eg fiksar/konverterer den til vektor. Det tek meg vanlegvis max 1 time, oftast mindre.

Kva er ein Logo?

Norsk ordbok: “frå gresk av logos ‘ord, tale’. Firma- eller varemerke med spesiell grafisk utforming, brukt som kjennemerke.”
Engelsk ordbok: “a symbol or other small design adopted by an organization to identify its products, uniform, vehicles, etc.”

Ein logo er eit symobol som representerer deg, produktet ditt, firmaet ditt. Ein figur, enkel illustrasjon, bokstavar, eller kombinasjon av dette.
Som er DEG. Med “dine” fargar. Din “skrifttype”. Som du kan bruke på dine produkt, din etikett, bilen din, kontoret ditt, nettsida di, trykksakene dine.

Logo tek ofte litt tid.
Ikkje fordi sjølve utforminga er så vrien, men fordi logoen legg grunnlaget for profilen din.
– Av og til kjem logo-ideen som lyn frå klår himmel, andre gonger må den jobbast med i mange rundar.
Logo må ta den tida den treng for å bli klar.
Akkurat som godt spekekjøt… og god Hardangersider.
   

FAST PRIS PÅ DESIGN AV LOGO:

1) LOGO basert på skisse/ idé eller bilete frå deg.


For deg som har tenkt ut ein ide sjølv som du vil eg skal reinteikne:

Skisse frå deg. Inntil 3 rundar med justeringar/korrektur.

Arbeid utover dette kjem i tillegg, og vert fakturert på timebasis.
Ev. møter kjem i tillegg.

3996,- + mva

(dagspris 1 dag)

2) LOGO -design
“frå grunnen av”


Basert på informasjon frå deg, om ditt firma og ditt produkt/tenester.

Du får inntil 3 ulike forslag, klargjering av eitt av dei. Inntil 3 rundar med justeringar/korrektur av dette forslaget.

Arbeid utover dette kjem i tillegg, og vert fakturert på timebasis.
Ev. møter kjem i tillegg.

Dette er ikkje “ferdig-logo” frå ein standard-mal, men EKTA logo teikna ut frå info frå deg.

6980,- + mva

3) Re-Design av LOGO


Når du alt har ein logo som du ynskjer å friske opp, anten med ny farge eller ny tekst eller ny form osv.

Eller du treng å gjere om den gamle logoen din til vektor-logo.

Send logoen til meg og du får eit uforpliktande prisoverslag.

Timepris 596,- + mva

Logoar vert klargjort i filformata ai-pdf-png-svg, eller andre filformat om du ynskjer det.


Døme på nokre logoar eg har designa:
Skroll til toppen