Design av plakat

PLAKAT / INFOTAVLE / roll-up / banner

Eg kan hjelpe deg med ide til tekst, bilete og innhald. Eller lage forslag ut frå informasjon du kjem med.
Undervegs får du skisser med tekst / bilder for korrigering.
Eg klargjer ferdig original til trykk/print / publisering.

Plakat – rollup – banner: Størrelse og type avheng av staden og bruken. Dette gjeld forsåvidt annonser og, men dei skal stort sett trykkast i eit blad/avis. Plakatar skal brukast for å bli sett, innandørs eller utandørs. I tillegg skal dei kanskje tole vær og vind, kanskje du skal bruke dei omatt.

Det spesielle med ein plakat:
Du har 3 sekundar på deg til å bli sett og forstått.
Svært få brukar lang tid på å studere ein plakat (eller annonse) for å finne ut kva den eigentleg fortel, dersom overskrifta eller biletet er uinteressant.  – Ei krypisk eller uinteressant overskrift og dertil høyrande kjedeleg bilete sender lesaren kjapt vidare. (Farvel til den kunden.)
Sjå døme på plakatar her.

til toppen