Stølstrim klyppekort 2022, Granvin turlag

Klyppekort til Stølstrimmen i Granvin, 2022. Framside og bakside.

Granvin turlag sine aktive eldsjeler slår til i år og.
I 2022 er det nokre nye turar og nokre gamle.
Kortet er designa for å inspirere til å kaste seg ut i Granvin sin flotte tur-natur, til nokre av dei mange stølane me har i Granvin. Og gravensarane elskar å fortelja om stølane sine og hendingar på stølen. Dette er litt av infoen du finn i turkassa når du kjem fram. Det er ikkje berre stølar, nokre andre spennade turmål er og med. Alle med si soge.
Takk til turlaget og kjekke med-gravensarar!

Baksida av kortet (nedanfor) har eit kart med turmåla innplotta.
– Dette er praktisk sidan gravensarane har ein tendens til å kalle stølane sine med samme navn.
Dei mest populære navna trur eg er Hedler og Litlastøl og Nyastøl… 🙂

Du kan og sjekke innom turlaget sine sider for å lese meir:
www.granvin-turlag.no
Du finn og endå meir info på FB-sidene

Eg har og laga ny design på nokre av infoarka til Stølstrimmen,
du finn dei her: INFOARK

Stølstrimklyppekortet frå i fjor – 2021- såg slik ut:

Og stølstrimkortet for 2 år sidan 2020 såg slik ut:

Du finn meir info på turlaget sine sider: www.granvin-turlag.no

Skroll til toppen