Bildet viser startsida for nettsida PlantSmart

Dette er startsida. Enklel, ukomplisert og oversiktleg.

Oppdrag for Hardangerfirmaet Plant Smart, som sel frukttre over heile landet.
Dette er enkle og ukompliserte nettsider som lastar kjapt, designen fungerer godt på alle skjermar, pc, nettbrett og mobil. Sidene er enkle for kunde å redigere /vedlikehalde.

Katalogen med oversikt over frukttre kan seinare konverterast til nettbutikk, dersom kunde ynskjer dette.
Designen tek utgangspunkt i logofargane …og frukt.

Nettsidene er laga i samarbeid med ITDrift As, som er ansvarleg for koding og web-hotell.

Bilete som syner utsnitt av produktkatalogen

Nettsidene er bygd opp rundt produktkatalogen som syner dei ulike typane frukttre som Plant Smart kan levere.

Kvart produkt har si eiga side med produktomtale.
Menyen til høgre gjev lesaren oversikt over andre frukt-tretypar.

Bilete som syner ei produktside
Startside i mobilvisning
Produktoversikt i mobilvisning

Plant Smart AS vart etablert i 2016 av Vidar Jåstad og Tomas Hesthamar, og leverer frukttre til profesjonelle fruktdyrkarar over heile landet.
Vidar driv i tillegg med eigen frukttre produksjon i Kinsarvik med Hageland som mottakar, samt fruktgard.
Tomas har hatt fruktgard som levebrød, med hovudvekt på moreller og eple + juletre.

Du kan sjå nettsida til Plant Smart her:

Scroll to Top