Design av brosjyre

BROSJYRE – falder – flygar:

Ein god brosjyre sparar deg for mykje arbeid. Her fortel du alt kundane dine spør om heile tida. Du kan syne bilder av det du gjer og produkta dine. Du slepp å fortelja omatt og omatt dei same tinga.

Å lage brosjyre (eller produktark) er ofte ein kamp. Med deg sjølv.
Kva skal med? Har eg bilete? Kvar er dei? Korleis skal eg gjere dette?
Kva meiner dei andre i firmaet (slekta)? Og når skal du få tid til dette?

Når du etter mange veker (månader) har mekka i hop noko du endeleg er nøgd med, og tek kontakt med eit trykkeri: – Då forlangar trykkeriet at du leverer “trykkeklar pdf” …?!!!

  • veit du ikkje kva dette er, får du problem. (det er då du kontaktar meg)

Eg designar og lagar brosjyre for deg og klargjer alt fram til trykking. Du får forslag til disposisjon av innhald, tekst og kva bilete som kan fungera. Du er den som kan mest om produktet ditt, men eg hjelper deg med å vurdere kva som skal med, og korleis ting kan presenterast. Du får naturlegvis skisser undervegs som du kan korrigere.

Type og størrelse på brosjyre avheng av kva du skal bruka brosjyra til, type produkt, korleis du skal dele ut brosjyra, kven som skal få den, – og ikkje minst: Budsjettet ditt.

Ein brosjyre kan vere alt frå ein liten falder til å putta i lomma, til ein omfattande produktkatalog eller ei årsmelding.

Kva treng eg frå deg?
Mest mogleg informasjon om kva du driv med og produktet ditt. Kva du har tenkt, korleis du jobbar, kundane dine. Du treng ikkje laga ein flott presentasjon til meg, – eg finn ut av det.
Logoen din, om du har ein. Dessutan vil eg ha mest mogleg bilete, alt mogleg. Gode og dårlege, alt du har. Og så finn eg ut kva som kan brukast og kva me må skaffe.

Eg klargjer alt materiell for trykking og kan ha kontakt med trykkeriet.Eller du kan ordne dette sjølv om du ynskjer det.

Materiellet kan OG klargjerast som pdf for publisering/nedlasting frå heimesida di eller som ei fil du kan sende med e-post.

Døme på nokre brosjyrar eg har designa:
Skroll til toppen