
Design av heimesider for Syse Gard, Ulvik. Laga i systemet WordPress.
Themet (design-malen) er bygt om og skreddarsydd for Syse Gard. Butikkmodulen er “kobla på” i etterkant.
Oppdraget er utført i samarbeid med ITDrift AS (programmering og webhosting).

Heimesida har vekslande bilder (slider) på startsida, med linkar til blogg, nettbutikk mm.
Her får du info om garden, alle produkta dei lagar, tilbod om omvising, servering, og du kan sjå bilete og produkt frå gardsbutikken deira. Bloggen tek deg med til støls, på eplehausten og diverse anna.

På førehand hadde Syse Gard jobba grundig med tekst og bilete.
Dei hadde fått ein dyktig fotograf til å ta massevis av flotte bilete, slik at eg kunne velja og vraka.
– Min jobb var å finne theme/design, tilpassa designet til Syse Gard sin profil, strukturere innhaldet og lage layout/skisser for alle sidene.
Deretter klargjering av alle elementa for web-visning. Etter at sidene var ferdigstilt er det Syse Gard som oppdater bilete og tekst.

Sjå fleire oppdrag for Syse Gard her
Klikk her for å gå til heimesida: Syse Gard