Design av etiketter eller pakning

Eg designar etiketter eller lagar pakningsdesign til produktet ditt.

Etiketten designar eg spesielt for deg og ditt produkt. Med din logo og din ”look”.
Eg kan og kome med innspel på type etikett, type papir/materiale og ”påhengsmetode”.
Du får eit prisoverslag før eg går i gang, eg kan og skaffe deg pris på trykking av etikett om du ynskjer det.

Du får ei ferdig fil med heile etiketten klar til bruk. Fila kan du skrive ut i skrivaren din* eller du kan sende den til trykkeriet.
– Eller eg kan sende den til trykkeriet for deg.
Eg har god kontakt med trykkeri som har spesialisert seg på trykk av etikettar og pakningar.
Du kan og ordne dette sjølv om du heller vil det.

*Til etikett-utskrift bør du ha ein spesialskrivar.

sjå døme på etikettar/pakningar eg har designa her

Sideretikettar for Hardanger Saft og Siderfabrikk

Sideretikettar for Hardanger Saft og Siderfabrikk.


Design av pakning:
Enkelte produkt skal pakkast i ei øskje eller tappast på ein kartong eller på ein boks eller liknande.
Då er det ofte betre – og penare- å designe heile pakningen i staden for å klistre på ein merkelapp.

Papirpose/bærepose med logotrykk for Ekta Skåramat. Trykk direkte på pose/emballasje er ofte penare enn ein klistrelapp. Men det kostar litt meir.

Til etikettar og pakningar nyttar eg design-verktøya “InDesign” og “Illustrator”.
Du får all korrektur som pdf.

Design av etikett er ikkje enkelt

Å lage etikettar sjølv er vel enkelt?

Det er sjarmerande med heimelaga produkt og heimelaga etikettar.
Men når volumet aukar vert dette eit problem: Du får ikkje tid til å klyppe og lime på etikettar sjølv, skrivaren din taklar ikkje jobben eller kanskje du treng strekkode på produktet.
Skal du i tillegg kjøle ned produktet ditt, – eller fryse det, då ballar det ofte på seg med problem.
Slik som at etikettane dett av, skrifta vert uleseleg …osv.
…Klart du kan lage etikettar (klistremerke) til produktet ditt sjølv.
– Dersom du har tid.

om logo og profil

vis prisliste

Døme på nokre etikettar/pakningar eg har designa:
Skroll til toppen