
Eg hjelper deg med å lage din eigen profil: Logo, etikettar, brosjyre, plakat, heimeside…
– Når du er lei av å klyppe, lime, mekke etikettar og info til produkta dine.
Då kan eg hjelpe deg.
Frå ide, skisse, logo, design og innhald til utforming av ferdig trykksak. Prisane mine er nokonlunde låge, iallefall klagar konkurrentane mine på det.
Døme på oppdrag eg har utført
Granvin Sogelag, årbok 2024
Etikettar til Selheim gard, stølsprodukt
Ny logo for Hardanger Energi
Boka om Brødrene Hjønnevåg AS
Ostegården, logo
Biltunet Voss, logo
Ostegården, Lagret Fanaost
Logo for Epleriet
Vossapoto – design av potetpose
Minifalder for Syse Gard
Plakat Ulvik Turlag, Hallingskeidvegen frå Osa
Plant Smart, design av nettside
Siderfabrikken i Ulvik fekk gull for Apal
Informasjonstavle for Egdetveit Bygdekvinnelag, Vossestrand
Dersom du skal mekke reklamemateriell sjølv, må du ha god tid.
– Tid som du heller kunne ha brukt på å gjere det du eigentleg kan.
Før ein kunde tek kontakt med meg har han/ho gjerne brukt uhorveleg mykje TID
på å tenkje, prøve og feile og tenkje på nytt.
…Og på nytt igjen.
Mange har brukt utallige timar, dagar og veker med å google, klyppe og lime.
Ofte med familie og vener som assistentar.
– Men så tek “businissen” av.
Og tida strekk ikkje til. (eller ungane vert eldre og vil gjere andre ting)

Eg kan designe ein logo for deg, eller lage logo frå ein ide du alt har tenkt ut.
Pakkeprisar på logo.
Les meir her

Eg designar etikettar/ pakningsdesign til produktet ditt, og leverer trykkeklar pdf (fil) til deg eller direkte til trykkeriet.
Les meir her

Sosiale media er vel og bra – om du har god tid og likar stress. Kanskje du treng ei heimeside i staden? Eg designar nettside /heimeside for deg og klargjer alt materiell fram til publisering.
Les meir her

Eg designar og lagar brosjyre for deg og kan hjelpe deg med med ide, tekst, bilete og innhald. Eg leverer “trykkeklar pdf” til deg, eller direkte til trykkeriet.
Les meir her

Eg designar og lagar plakat for deg, og kan hjelpe deg med ide til tekst, bilete og innhald.
Trykkeklar fil levert til deg, eller direkte til trykkeriet.
Les meir her

Eg kan hjelpe deg med layout/formgjeving av innhald og designe og klargjere heile boka for deg fram til trykking. Trykkeklar fil til deg eller direkte til trykkeriet.
Les meir her
God design er god kommunikasjon
Designet skal framheve profilen din, fungere for produktet ditt, og skille deg ut frå konkurrentane og likevel vere relevant. Ikkje berre vere dekor.
Sjølv om du berre har eit bittelite firma med eitt produkt eller ei teneste, må du likevel tenkje på logo, profil og til og med merkevarebygging. Ansiktet ditt utad. Eit godt førsteinntrykk.
Det er dette eg kan hjelpe deg med.
Eg synest det er viktig at logoen eg lagar for deg, – er DEG.
At designen eg lagar på etiketten eller pakninga er rett for produktet ditt.
At fargane eg plukkar ut for deg, – er DEG eller produktet DITT. – Ikkje berre pen dekor utan mål og meining. (Sminke heiter det.)
Og at det du fortel til dine kundar om produktet ditt og tenestene dine ikkje berre er “slogans” du har funne på nettet.
Godt reklamemateriell sparar deg dessutan for mykje klur.
Kontakt meg for eit pristibod, eller berre for å ta ein uforpliktande prat.
Små, lokale verksemder er heltane mine
– og dei eg likar aller best å jobbe med.
Dei fleste kundane mine er gründer-verksemder, ofte småskala produsentar innan lokalmat og drikke. Kortreist. Lokalisert i Hardanger eller ein annan stad her på vestlandet. Slik som eg. Det er praktisk og me snakkar samme språket.

Pene ting sel betre enn stygge ting.
Dette veit dei fleste. Og for å få til noko “pent“ har du sannsynlegvis brukt utallige timar på å google og leite på nettet etter noko du synest er pent og du kan “låne”.
Deretter lagar du ein kopi av dette, som ser kliss likt ut noko som mange andre brukar…
I tillegg kan du i verste fall verte saksøkt for plagiat.

Du får ein unik design-profil som er berre din.
I staden for å kaste vekk ei mengd timar på “å lage ein dårleg kopi” kan eg lage profesjonellt materiell for deg.
Som har din profil, dine fargar, eit design spesielt laga til ditt firma – med din heilt unike logo.
Du kan få ein ca. pris/ timeoverslag på førehand.
Eg jobbar gjerne ut frå dine skisser, og kan kome med innspel om du ynskjer det.

Eg samarbeider med gode, effektive og rimelege trykkeri og pålitelege web-hotell.
– Naturlegvis prioriterer eg dei lokale leverandørane dersom dei kan levere desse tenestene.
Det er kortreist, me snakkar samme språket og ein støttar lokale arbeidsplassar.
Eg kan formidle eller ha direkte kontakt med trykkeri/web-hotell for deg. Så sparar du tid på det og.
Godt reklamemateriell gjev eit godt førsteinntrykk. Det sparar deg dessutan for mykje arbeid .
Når du treng hjelp til å lage din unike profil, kontakt meg.
Eg HJELPER deg med:
- Logo
- Brosjyre, falder, årsmeldingar
- Heimeside / Nettside
- Etikettar og pakningdesign
- Annonser, plakatar, rollup
- Bokdesign