Design av siderboks for Siderfabrikken

Tunheim Hardangersider på boks. Foto: Hardanger Saft og Siderfabrikk

 

Siderboksen er på plass, både hjå meg og på Polet. 🙂 Denne vart akkurat slik eg håpa ut frå skissa og ut frå biletet i hovudet mitt. Og innhaldet er bra og! (Takk Nils!) Og mykje skryt til Ægir-folka som formidla trykkinga og som tappar innhaldet på boksen.

Oppdragsgjevar: Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Ulvik

Oppdrag
: Design for sider-boks.

Produkt:
Sider frå Hardanger, tappa på boks. Litt for sterkt for butikken, så denne skal seljast på Vinmonopolet.

Ca. produksjonstid:
Frå ideen var klar til designet (trykkoriginal) vart klargjort til trykking gjekk det i overkant av 1 mnd. – Ikkje i arbeidstid, men frå begynnelse til ferdig design.
Det vert alltid ein del skisser fram og attende. (Uansett kunde og oppdrag). Utveksling av ideear, skisser, testing av design, korrigering og justeringer og til slutt klargjering av trykkoriginal. Eg har vanlegvis tett dialog med kunde heilt fram til ting går i trykken -eller vert publisert.

Produksjon
av boksen vart formidla av Ægir.

Litt om designet:
Designet er henta frå siderflaskene, berre forenkla. Fargane er dei samme som på Jøkul-sideren, fonten (skrifta) er henta både frå siderflaskene og frå brennevinet.
Tanken er at boksen skal visa att i pol-hyllene, vera lett gjenkjenneleg, helst skilja seg ut-  og vera tydeleg på kva som er innhaldet.
Boksen har strekkode, pantemerke, merke for geografisk nemning.

Sjå fleire oppdrag for Hardanger Saft og Siderfabrikk her

Rull til toppen