Apal.
Eplebrennevin frå Hardanger Saft og Siderfabrikk.

Sterk og farleg god. Eg lurte med meg ei prøveflaske på slekstreff då eg designa etiketten i 2012. Før eg visste ordet av det var den tom. Drikkfeldig slekt? Og etiketten var ikkje ei gong trykt, berre på skissestadiet… Eg sa ingenting om dette til Nils før etterpå, når etiketten var klar. Han gliste lurt då.  Apal er eit godt alternativ til cognac. Veldig godt. Det var ein rein fornøyelse å designa etiketten!

apalflaske
Apal. Foto: Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Produktet har flott farge og flaska ei spesiell form.
Her har eg lagt vekt på rein, enkel etikettdesign som framhevar navnet. Og innhaldet.
– Ingen grunn til å dille med nusselege epleblomar her. Dette er kraftigare saker…

Etikettdesignen er vidareført til eplelikøren og til dessertvinen. Sjå nedanfor.

bilde av haradangerdrikke
Eplelikør, Apal, og Eple dessertvin frå Hardanger.
Foto: Hardanger Saft- og Siderfabrikk

 

 

 

Skroll til toppen