Om

“Reklamedama” i Granvin, Hardanger

Det er meg. Eg heiter Liv Jorun Aga, og har jobba med design, illustrasjon og reklame så lenge eg kan hugsa. Då eg var liten handla alt om teikning og maling.
Det gjer det forsåvidt i dag og, men no handlar det om grafisk design. Altså om kommunikasjon med fargar, tekst og bilde.

Mine viktigaste verktøy

  • Blyant og papir. (Ja, du las rett)
  • Mac-en.
  • InDesign
  • Illustrator
  • Filemaker Pro (database)
  • Acrobat
  • Photoshop
  • Kamera
  • innspel frå kundane mine!

God design er god kommunikasjon

Designet skal framheve profilen din, fungere for produktet ditt, og skille deg ut frå konkurrentane og likevel vere relevant. Ikkje berre vere dekor.
Sjølv om du berre har eit bittelite firma med eitt produkt eller ei teneste, må du likevel tenkje på logo, profil og til og med merkevarebygging. Ansiktet ditt utad. Eit godt førsteinntrykk.

Det er dette eg kan hjelpe deg med.
Eg synest det er viktig at logoen eg lagar for deg, – er DEG.
At designen eg lagar på etiketten eller pakninga er rett for produktet ditt.
At fargane eg plukkar ut for deg, – er DEG eller produktet DITT. – Ikkje berre pen dekor utan mål og meining. (Sminke heiter det.)
Og at det du fortel til dine kundar om produktet ditt og tenestene dine ikkje berre er “slogans” du har funne på nettet.

Utdanning og bakgrunn, kort oppsummering

Eige firma innan Grafisk Design / Reklame i Granvin, Hardanger. Oppstart 1996
• Eige firma innan produktlansering og arrangement, Oslo. Samarbeid med Eurotek/JAP. Oppdrag for Toyota Norge, Nidar Bergene, Subaru Norge, Solo, Ikea, JBR-reklamebyrå, Leo Burnett reklamebyrå, Steen & Strøm, NSB, Colgate m.fl. 1990-1996
• Tilsett hjå Reklamebyrået Myres Lintas, Oslo Ad og Ad-assistent. Oppdrag for Posten, Coca Cola, Esso, Friskies, Toyota, Nidar Bergene, Telenor, Gjensidige m.fl. 1985-1990
• Norges Markesdshøyskole Oslo (Oslo Met) Markedskommunikasjon. Kveld 1989 -1991

Øvrig bakgrunn:
• Norsk folkemuseum, Bygdøy, vakt mm, 2 år.
• Oslo Tegne- og Maleskole, deltid, 2 år. Klassisk teikning og maling. Fargelære.
• Kunstskolen i Stavanger, Fulltid, 2år. Teikning, maling, grafikk, klassisk akt og fargelære. Skulptur. Kunsthistorie.
• Akademiet i Rauland, forming som hovudfag. 1 år

Litt meir om bakgrunnen min

Etter ungdomsskulen tabba eg meg ut ved å gå gymnaset. Eg fekk tida til å gå med å laga karikaturer av alle lærarane i staden for å fylgja med på undervisninga. Det var stor tilstrøyming av “galleri-publikum” til veggen ved pulten min ei stund. Teikningane måtte stillast ut må vite. Men moroa tok slutt då nokon (sikkert ein som var misnøgd med portrettet) rydda vekk “kunsten”.

Sidan gjekk vegen innom ulike kunstskular, jobb i Oslo-reklamebyrå, skule innan marknadsføring og kommunikasjon (NMH), osv osv.

Etter 15 år i oslo flytta eg heimatt til Granvin i Hardanger

flytt til granvin, innside
Brosjyre “flytt til Granvin”, innsida ser slik ut. Alle foto er lånt frå velvillige Gravensarar. Oppdrag for Granvin herad. (Klikk for større bilete)

Etter 15 år i Oslo flytta eg  -under tvil-  heimatt til Granvin og etablerte kontor i det gamle gardshuset.
Tvilen var naturlegvis: kva skal eg jobba med?
Far min meinte at det var ikkje noko problem, det var berre å starta opp for seg sjølv med det eg kunne. -Så eg let det stå til.

Då eg fekk skrudd saman skrivebordet og plugga inn macen var det neste å skaffa kundar. Annonsa under “rykka eg inn” i lokalavisa “Hordaland”.

Tittel: FLYKTNING TRENG OPPDRAG!

– Responsen let ikkje venta på seg.

Dette er første annonsa eg rykka inn i avisa Hordaland for mitt eige firma. Den funka over all forventning!

Kva skjedde?
Jau, det vart intervju med lokalavisa og diverse andre blad og aviser.
NRK-radio dukka opp, stemma mi kom på radioen… eg fekk friarpost…- men best av alt, eg fekk ei røys med kundar!

Året etter laga eg ny annonse og ein flygar (postkort) med nytt bodskap:

BONDETUPPE LEDIG FOR NYE OPPDRAG

Dette er ein flygar (postkort) eg laga nokre år etter annonsa med “flyktning”. I tillegg laga eg i annonse med samme bodskap.

Annonse og flyger gav godt resultat:
Ei ny røys med kundar, fleire journalistar dukka opp på intervju (og dei obligatoriske friarbreva).

Flygaren (postkortet) sende eg deretter ut sånn dann og vann pr. post, og brukte den som visittkort. 
Og NEI, “Facebook” var ikkje oppfunne på den tida, “Internett” var fremmedord for dei fleste. Gode gamle Posten gjorde jobben då.

Du finn nokre av oppdraga eg har utført her, i tilfelle du er nysgjerrig. Lett blanding av nye og gamle. Eg legg ut fleire oppdrag etterkvart.

Skroll til toppen