Design av nettside

Nettside, heimeside eller webside?

– kjært barn har mange navn

Eg lagar design til nettside / webside/heimeside for deg.
Sidene kan vere heilt enkle eller avanserte. Systemet – WordPress- kan byggast ut med nettbutikk, booking osv.
Når sidene er klargjort, kan du (med litt eigen-læring-innsats) redigere og oppdatere heimesida di sjølv etter logg-inn metoden. Omlag slik ein oppdaterer ei Facebook- eller Instagram-side.

Det å lage gode, fungerande, og sikre nettsider krev god data- og sikkerheitskunnskap. Eg samarbeider med data-firmaet ITDrift (Ulvik-basert) på å lage nettsider.
Min del av jobben er design/layout, disposisjon av innhald og klargjering av tekst/bilete. ITDrift tek seg av av domene, koding, webhotell, backup og sikkerheit.
Reint praktisk kan du ha all kontakt med meg.

Kostnad med nettside er todelt:
1) Eingongskostnad: Layout/klargjering av sidene og publisering.
2) Faste månadsutgifter til webhotell/domene.- Altså parkering av heimesida di og betaling for domenet ditt.
– Altså heimesidenavnet ditt.

Standard spørsmål: “Eg skal ha ei enkel heimeside, kva kostar dette”?
– Du ynskjer websider som du kan oppdatere sjølv, med tekst og bilder, som kan utvidast med ulike funksjonar og som ikkje er altfor tungvinte å redigere.
Og som fungerer både for kunde (lesaren din) og for deg. – Ikkje sant?

Samanlikna med ein brosjyre vil ei heimeside kosta noko meir å utvikle. – Prisen avheng av antal sider, innhald og materiell. Og kva funksjonar du skal ha.
Fordelen med ei heimeside er at den kan oppdaterast heile tida.
Ein brosjyre derimot, – når den er for gammal  – då må du trykke ny.

Litt om WordPress.
WordPress er eit fleksibelt system som høver til alt mogleg, og er gratis. Dvs. du må ikkje kjøpe ein app. Men skal sidene vere veldig avanserte må ein betale litt for ekstra funksjonar. WordPress skryter sjølve av at omlag 43% av alle nettsider “worldwide” er basert på WordPress.
Det finst ei mengd med ferdige malar som kan nyttast til “sidebygging”.

Ta gjerne kontakt, fortel kva du har tenkt og eg kan lage eit uforplikande prisoverslag.

Vil du ha eit “byggesett” der du får eit grunndesign og jobbar vidare med sidene dine sjølv, går dette fint.
MEN dette krev at du må ha/ skaffe deg kunnskap om wordpress og redigering. Og at du har TID. God tid.

Døme på heimesider /nettsider eg har designa:
Skroll til toppen