Jubileumsbok for Øystese gymnas

Oppdrag: Design, formgjeving, layout og klargjering til trykk.

framside av bok
Framside, Jubileumsbok for Øystese Gymnas

Layout/formgjving oppstart haust 1998 – utgjeven våren 1999.
Innsamling og sortering av materiell starta lenge før dette.


Primus motorar var skriftnemda:

Hans S. Haugse, Jakob J. Røyrvik, Nils Årekol og Olav K. Aksnes (Redaktør).
Ein fantastisk, humoristisk, sprudlande og målretta gjeng!

Format: 21×29,7, opplag: 1000 stk.
Trykk: Øystese Trykkeri a.s.

Fram- og bakside. Øystese Gymnas er midtpunktet, elevane og hendingane er bakgrunn. Og gamle rektor Holmås i lag med hesten på Rossvoll.

Bokgjengen hadde jobba i lang tid med å samle materiell til boka.
Dei hadde gjort ein grundig jobb i forkant med å sortere og redigere innhald, sjekke kjelder og hente inn informasjon. Bileta var samla i ein kjempediger perm, alle var merka med kva artikkel dei høyrde til og kven som var fotograf og kven som var med på biletet.
Jobben eg hadde med å scanna alle bileta tok si tid, men var veldig underhaldande!
Bileta var nesten ei lita forteljing i seg sjølv. Perfekt oppdrag med andre ord!

bokoppslag
Døme på layout, oppslag i boka. Rektor Hans S. Haugse.

Elevane og dei store linjene.

Scroll to Top