Havaasboka, bokdesign

Boka om botanikaren og fjellbonden Johan Havås frå Granvin.
Oppdrag: Formgjeving, design og layout, bildehandtering, klargjering til trykking.
Format: 21×29,7cm, 212 sider.
Antal: 1000
Ferdig trykt mars 2005.

framside havaasbok
Framsida av boka syner eit portrett av Johan Havås med kongens fortenstemedalje av gull. Maleriet er signert Lars Osa. I bakgrunnen er ulike typar lav nytta som dekor.

Oppdragsgjevar “Havåskommisjonen”:

Boknemd og redaksjon: Sevrin Kjerland (leiar), Hans A. Haugse, Olav Tveito og Randolf Knotten. – Desse kom til undervegs: Hans S. Haugse, Magne Røynstrand og Geir Flatabø. Eg vart hanka inn til bokutforminga av Hans S.

Ei mengd med folk har bidrege til boka, ikkje minst familien til Johan Havås.
Dei ulike bidragsytarane er nemde i boka.

Boka var i utgangspunktet eit dugnadsprosjekt,  som berre “balla på seg”.
Frå å vera ei enkel fagbok og hyllest til Johan Havås vart det samstundes ei bok om livet på ein fjellgard i Granvin og alt som fylgde med av glede og sorger og opplevingar. Godt dokumentert med bilete, fleire teke av Johan Havås sjølv.

Fram- og bakside. Klikk for større bilete.

 

havaasbok-fagdel2-oppsl
Layout av bokside, fagdel. Klikk for større bilete.

 

boklayout
Layout frå boka, om Johan Havaas som fotograf
boklayout
Layout frå Havaasboka, familiebilder