bilde av f6-data knapp
Gammal macen min vart sendt til resirkulering. F6 knappen var alt som låg att i bilen.
I går gjekk den gamle Mac-en min til gjenvinning.

Stakkars. F6-knotten var alt som låg att i bilen, som ein siste suvenir. Til minne om lang og tru teneste frå 2004 heilt fram til 2015, då den fekk hjarteatakk. Gammal-macen fekk akutt stopp i dato-hukommelsen og kunne ikkje reddast.
Typisk grunn til å ta back-up. (Eller når eg tabbar meg ut, og slettar eller endrar ting. Og angrar… )
Men attende til 2015 og stakkars macen.

Hjelp, – tenk om alle bileta og jobbane er gått fløten…!?

–  Heldigvis er eg HYSTERISK oppteken av BACK-UP.  Rett før gammal-macen takka for seg hadde eg overført alle filer til ny og sprek maskin, og til ein reservedisk. Den gamle arbeidshesten hadde jobba tungt i ein periode, så eg lukta lunta.
Dessutan greidde eg å redda ut restane av innhaldet via eit super-fikse-program, og deretter sletta innhaldet på harddisken. PUH!

Dette var i 2015

Altså nokre år sidan. – Kvifor samlar eg på gamle, ubrukelege datamaskiner?
Eg er glad i dei gamle “arbeidshestane” mine, og sette den gamle-G4en vekk som eit minne. Ja, eg veit den samla berre støv, sjølv om den var aldri så pen.
Men av og til må gamle greier ut. – takk til Arne, min kvite tornado!

Til deg – kunden min:

Om datamaskina di har gått fløyten, og alle bileta dine er sporlaust vekke: Fortvil ikkje.
– Dersom du har sendt meg bilete vedr. ein jobb ei gong i tida, då kan det godt henda eg har bileta dine i arkivet mitt framleis 🙂

Skroll til toppen