Ekta Skåramat, etikett

Høgt oppe i fjellsida i Granvin ligg Skår, med utsikt mot Øvre Granvin og Granvinsvatnet. I Skår har dei sauer. Og dei lagar gode pylser og spekemat. Fjellmat. På etiketten ser du mosstova i Skår – og kanskje huldrefolket som vil smaka på den gode maten?

Guten på logoen er yngsteguten på garden og Skårapylsa – rett frå røyken i mosstova.

Oppdragsgjevar: Ekta Skåramat AS (frå Granvin, naturlegvis!)
Oppdrag: Etikett til bruk i printer. Etikett skal limast på produktet.

Etikett på ekta bacon frå Skår

Dersom du treng hjelp til å laga etikettar eller pakningdesign, kan du lesa meir om det her.