Norgesglas-veggen er montert av kunstnaren Ine Harrang. Nervepirrande.

Det er ikkje så ofte eg går på kunstutstillingar.

- Men denne er vel verd eit besøk!
Ja, eg veit.
Ettersom eg er frå Granvin, designa Havaas-boka og deltok i “Havaas-kommisjonen” ...
(og endåtil kjenner nokre Havåsingar)- så er eg vel ikkje heilt objektiv.


framside havaasbok

Framside til bok om Johan Havaas. Boka er til sals i kafeen på Kabuso.

Vegg av norges-glas, møysommeleg stabla og festa saman av kunstnaren Ine Harrang. Og kva har ho putta på glasa? Lav og mose... 

More...

Utstillinga er sett saman av kunstnaren Ine Harrang frå Molde. Ho er inspirert av dei to sjølvlærde botanikk-forskarane Havaas (1864-1956) og Lillefosse (1868-1946). Begge frå Hardanger. Begge samla, sorterte og arkiverte. Akkurat som Ine har gjort. Men ho har samla lav og mose på norgesglas.

Ei utstilling skal vera ei oppleving.  Det er denne. Sjekk ut Kabuso i Øystese.




Torkel Lillefosse var sjølvlært botanikar og laga hundrevis av nøyaktige akvarellar av blomar og plantar. Han gav ut boka “Strandebarms flora“. Ein del av akvarellane har fått plass i utstillinga. Havaas og Lillefosse brevveksla jamnleg, sjå og side 115 i Havaasboka. 

Flora Danica. Side for side, minutt for minutt. Den velbrukte boka til Johan Havaas er omtala i Havaas-boka med eit eige kapittel. Johan brukte Flora Danica til notatbok, plantepressing og diverse. Dersom du er tålmodig kan du sjå side for side i den ærverdige gamle planteboka når den vert bladd gjennom. På ein diger tv- skjerm.  Havaas-Samlinga i Granvin har velvillig lånt ut fleire gjenstander til utstillinga.

Skroll til toppen