Etikettar laga for Selheim Gard, til ulike stølsprodukt.
Alle produkta vert laga på stølen (Grettestølen på Voss) der kyrne er på ferie. Etikettane er tilpassa printer, men ein kan og skrive på dato etc. for hand. Etikettane tåler fuktigheit/kjøling og skal limast på eit beger/behaldar.
Det er 4 ulike stølsprodukt og 4 ulike etikettar med samme design og stil, men ulik farge og tekst. På etiketten kan du lesa litt om kyrne som har bidrege til produktet, anten det er Surmjølk, Kefir, Smør eller Rjome (rømme).