Sider frå Hardanger Saft- og Siderfabrikk i boks!
Eg må berre syna den fram her i bloggen og. Synest denne vart veldig bra!
Akkurat slik eg planla den skulle sjå ut.

Var på polet på Voss fleire gonger og sjekka. Nei då, den var utseld.
Etter nokre bomturar fekk eg endeleg grabba tak i ein boks framfor nasa på ein annan kunde. jippi!
Dama i kassa fortalde dei vart utselde på eit blunk og venta på neste levering.
Forklaring: Designen på boksen er laga av meg, Liv Jorun Aga for Hardanger Saft- og Siderfabrikk i Ulvik.