Sider frå Hardanger Saft- og Siderfabrikk i boks!

Eg må berre syna den fram her i bloggen og. Synest denne vart veldig bra!
Akkurat slik eg planla den skulle sjå ut.

Tunheim Hardangersider på boks. Foto: Hardanger Saft og Siderfabrikk

Var på polet på Voss fleire gonger og sjekka. Nei då, den var utseld.
Etter nokre bomturar fekk eg endeleg grabba tak i ein boks framfor nasa på ein annan kunde. jippi!
Dama i kassa fortalde dei vart utselde på eit blunk og venta på neste levering.

Kvifor eg stressa sånn for å få tak i ein siderboks?
Første siderboksen eg designa for Hardanger Saft- og Siderfabrikk (i Ulvik) – klart eg måtte sjekka korleis resultatet vart. 🙂

Skroll til toppen