Hardangersideren Trolltunga.
Lekker lita, flaske med lekkert innhald. Nils slår til igjen.

Ideen er ei etikettform som minnar om Trolltunga (fjellforma), men som samstundes er i slekt med dei andre sideretikettane, sjå under.

Og med eit lite hint til brennevin- og likøretikettane: Den solide, bolde skrifta. Denne gongen plassert oppover. Som ein fjelltopp. Litt trolltungete.

Forma på etiketten er litt nostalgisk, som dei gamle solo-etikettane. Forma skal framheva flaskeforma. Eg synest det funkar.
– Klart ein kan ta med seg denne lekre flaska på tur til Trolltunga. Men ikkje dett ned frå fjellet.

Siderflasker
Etikettar for Hardangersider. Sprudlande, Tradisjonell, Kvasshovden og Trolltunga.
Foto: Hardanger Saft- og Siderfabrikk
Skroll til toppen