Dyrk Smart, brosjyre

Dyrk Smart hadde oppstart i 2012 og var eit prosjekt i regi av Ullensvang Fruklager SA og Hardanger Fjordfrukt SA.
Prosjektleiar Sjur Ove Svartveit.

Framsida skal provosera litt.

Målsetjing var å få fleire unge fruktbønder i Hardanger, og ei meir lønsam dyrking av frukt.

Prosjektet omfatta ulike tiltak:
Infomasjon via trykksaker og web, kurs, gardsbesøk, samlingar, oppfyljingsmøter mm.
Brosjyra er ein del av dette. Den inneheld ein grundig presentasjon av den nye dyrkingsmetoden DyrkSmart. – I tillegg til informasjon om kurs, lønsemd, ulike trendar innan mat og matproduksjon. Og nye frukttrendar og dyrkingsmetodar.

12 sider
14×29,7,  trykt på resirkulert papir
Prosjektvarigheit: 2012-2014

Treng du hjelp til å lage brosjyre, årsmelding eller liknande, les meir om det her.

Framsida gjev eit løfte, baksida oppsummerer korleis du får løftet til å gå i oppfylling. På ein bakgrunn av frukt.

 

Innsida. Litt om trendar og fruktdyrking. Og litt historikk.
Midtsidene i brosjyra. Slik gjer du det. Dyrk Smart.