Jubileumsbok for fiskematbedrifta Brødrene Hjønnevåg AS i Uskedalen.

Oppdrag: Formgjeving av bok, layout, bilderedigering, klargjering til trykking.
154 sider, 4 farge. Format 24×28 cm.
Ferdig trykt hausten 2016.

Framsida av boka. Foto: Gunvor Havås & John Kåre Mæland

Ein spennande jobb som engasjerte heile Hjønnevåg-slekta, sannsynlegvis alle i bedrifta og fleire med.

Kunde hadde i forkant planlagt boka og gjort ein grundig jobb med å samla informasjon.
Dei hadde engasjert ein dyktig tekstforfattar, Sjur Tjelmeland, for å skriva teksten.

Hjønnevåg er ei familiebedrift, og har vore det i 4 generasjonar. Dermed hadde Sjur mykje godt stoff å jobba med.
Tekstforfattar Sjur intervjua både familiemedlemer og tilsette og forteljinga vart levande og fargerik.
Eg starta design og layout-jobben når Sjur var klar med teksten. Undervegs kom det til fleire bilete, fleire gode historier og ei mengd med interessante bilete. Og oppskrifter.
Boka vart full av bilder, fiskemat-oppskrifter og gode historier.
Til slutt enda me opp med 154 sider. Format 24×28 cm.
Ferdig trykt hausten 2016.

Fram og bakside av boka

Side 2 og 3. Fiskebilen var viktig.
Litt om alle båtane til gamle Hjønnevåg. Om krigen, tyskarane som konfiskerte båten til eige bruk, fiskehandel og diverse anna.
Om familien, filosofien og gode, gamle oppskrifter på fiskemiddagar.
Fiskabilen er eit kapittel for seg!

Boka har ein heil del lokalhistorie. Om det å driva fiskematproduksjon og ulike prøvelsar med transport og straum.
Skroll til toppen