
BOKDESIGN – lage di eiga bok:
Bøker er omfattande – og spennande å jobba med. Dei tek tid, ofte stikk dei av på sine eigne vegar.
Eg kan hjelpa deg med redigering av innhald, layout og klargjera heile boka for deg, fram til trykking og innbinding. Layouten lagar eg spesielt til boka. Du får skisser undervegs som du kan korrigera, med bilder og tekst.
Det praktisk om du har det meste av innhaldet er nokonlunde klart før eg går i gang. Bilete og utfyllande informasjon kan kome til etterkvart. Av og til dukkar det opp materiell undervegs om er kjekt å ta med, og då er det tida og sidetalet som styrer dette.
Praktisk arbeidsgang: Klikk deg inn på infoen om bøkene nedanfor, der har eg teke med litt dokumentasjon om korleis arbeidet med bøkene har føregått.
Eg kan formidle kontakt med trykkeri/bokbindar, eller du kan ordne dette sjølv.
Om du ynskjer det.
– Boka kan og klargjerast som e-bok (pdf).