Jubileumsbok for fiskematbedrifta Brødrene Hjønnevåg AS i Uskedalen.
Oppdrag: Formgjeving av bok, layout, bilderedigering, klargjering til trykking.
154 sider, 4 farge. Format 24×28 cm.
Ferdig trykt hausten 2016.
Ein spennande jobb som engasjerte heile Hjønnevåg-slekta, sannsynlegvis alle i bedrifta og fleire med.
Kunde hadde i forkant planlagt boka og gjort ein grundig jobb med å samla informasjon.
Dei hadde engasjert ein dyktig tekstforfattar, Sjur Tjelmeland, for å skriva teksten.
Hjønnevåg er ei familiebedrift, og har vore det i 4 generasjonar. Dermed hadde Sjur mykje godt stoff å jobba med.
Tekstforfattar Sjur intervjua både familiemedlemer og tilsette og forteljinga vart levande og fargerik.
Eg starta design og layout-jobben når Sjur var klar med teksten. Undervegs kom det til fleire bilete, fleire gode historier og ei mengd med interessante bilete. Og oppskrifter.
Boka vart full av bilder, fiskemat-oppskrifter og gode historier.
Til slutt enda me opp med 154 sider. Format 24×28 cm.
Ferdig trykt hausten 2016.