Logo for biloppretting skulle vel vera enkelt?
Men denne logoen tok lang tid å lage, og me gjekk fleire rundar før den var i boks.
Oppdraget var for Biltunet Voss, som var oppdragsgjevar i lag med HMV.
Logoen vart designa i samband med etablering av nytt og avansert karosseri- og bil- verksted på Skulestadmoen. Målet var å lage eit velværesenter for bilen, med biloppretting som hovudteneste.
Greia var å gjera logoen enkel, sjølvforklarande og tydeleg. Og litt i slekt med logoen eg laga tidlegare for Biltunet Voss.
DET ENKLE ER OFTE DET VANSKELEGASTE
Slik vart logoen til:
Under ser du skissene mine frå denne jobben (hausten 2005).
Skisse 1: Krasja sportsbil til oppretting
- Første tanken var å vise ein lekker sportsbil med bulkar. Testa ut ein illustrasjon med ruglete overflate. Dette vart utydeleg, og vanskeleg å forstå poenget. Denne vil heller ikkje fungera i liten størrelse. Raud og svart bakgrunn skal syne før -og etter.
Skisse 2: Deretter prøvde eg å dele bilen i to. Raud bakgrunn med bilkrasj, svart bakgrunn med fin bilprofil og glatte fine linjer. Ideen er å syne ein krasja bil som vert retta ut att.- Altså før og etter.
- litt handteikning må til
Eg synest at sik-sak bilprofilen i skisse 2 ikkje fungerte heilt bra, altså den greia med raud bakgrunn. Kantane vart for mykje “lynnedslag”, altså for harde og kunstige. For å få ein betre, naturlegare strek er det berre handkraft som gjeld. Difor, fram med pensel og papir.
Skisse 4. Då var det å kombinere krusedull med bilprofil. Slett ikkje så enkelt. Ikkje så veldig vellukka heller... Dette vart veldig, veldig rotete. Eg prøver ein variant med ramme, berre for å sjå om det kan hjelpa. Sjå under.
Skisse 5. Her har eg lagt ei ramme rundt skissa. Men det var ikkje særleg bra. Såg ut som ein daud fisk (ikkje daud bil). Likevel, symbolet kan fungere, men uten ramme. - Difor snur eg krøllen andre vegen, og den fungerer betre. Men bilprofilen vart ikkje heilt bra, den passa ikkje i lag med krøllen. - Litt for streit liksom.
Kva med cuba? - litt retro...?
Då må eg finna ein annan bilprofil. - Ein rundere, kanskje meir retro-fasong.
Skisse 6: Den gamle Cuba-bilen har ein rundare, fasong. Den vil passa betre i lag med krusedullen eg laga i skisse 3. Eg mekka litt med biletet, og teikna omrissa av profilen.
sjå neste skisse.
Skisse 7: Den satt! Krussedullen kombinert med ny bilprofil funkar.
Eg lagar ein liten schwung på enden av “bilen“ for å indikere det runde bakglaset. Reinteiknar deretter heile figuren med “Illustrator” og finjusterer linjene.
-Så var det å teste om det trengst ein bakgrunn eller andre element.
Skisse 8: No må eg teste om illustrasjonen vert betre med bakgrunn. Og kanskje eit hjul...? Framleis har eg raudt og svart som hovudfargar. Etterkvart ser bilen ut som eit levande vesen med eit auge. Dette kan funka...
Og så må LOGOTEKSTEN på plass
Skissene under er siste utkast til kunde før logo vart godkjent og klargjort for bruk.
Det var fleire skisser før me kom så langt som dette, både på testing av farge, plassering av symbol og skrift osv. Men alle var glade og nøgde til slutt!