Årsmeldinga for Granvin Herad 2017 er designa for å nyttast som pdf-fil.
Årsmeldinga er laga slik:Framsidebilete, informasjon frå rådmann og økonomisjef og budsjett/notar har eg lagt inn i sidemalen som eg designa for den opprinnelege årsmeldinga, då denne vart trykt på papir. All informasjon er levert frå heradet.Dei øvrige sidene i årsmeldinga er laga internt i heradet og kobla på pdf-en i etterkant.Dette er ei rimeleg og praktisk løysing som Granvin har nytta sidan 2014.
Årsmeldinga er tilgjengeleg for nedlasting frå nettsida til Heradet, eller du kan laste ned her:
Årsmelding 2017 rapport og rekneskap
Heile årsmeldinga 2017, Granvin herad
Siste årsmelding som gjekk i vanleg trykk var årsmelding for 2013. Då vart årsmeldinga sendt ut pr. post til alle husstandar.
Dette er sidemal nytta til informasjon. I pdf-versjonen ligg sidene enkeltvis for å forenkla utskrift og lesing.
Alle sider som er lagt inn i sidemalen er klargjort for trykking eller utskrift. Dette i tilfelle heradet ynskjer å trykka opp eit mindre antal av årsmeldinga for utdeling.
Dette er sidemal for budjsett og anna informasjon
Nedanfor ser du framsida til dei andre årsmeldingane som er laga som reine pdf-versjonar.
Årsmelding Granvin herad 2016. Foto: Ørjan Kalsaas.
Årsmelding Granvin herad 2015. Foto: Kjartan Haugen.
Årsmelding Granvin herad 2014. Foto: Leif Kåre Havås, Panorama Hardanger. Dette er første året med rein pdf-årsmelding (ikkje trykking for utsending)