Logo for Sjuragarden i Norheimsund, 2016.
Karin Mo Valland bytte ut kyra med frukt, og planta frukttre på heile garden. I lag med sine gode hjelparar satsar ho no på juice, syltetøy og andre gode frukt-saker.
Logodesign er inspirert frå eit gammalt åkle på Sjuragarden. Navnet “Sjuragarden” er det garden vart kalla på folkemunne. Logoskrift er sett saman av fleire ulike fontar (skrifttyper), deretter reinteikna og justert. Logo kan nyttast i fleire fargar, fortrinnsvis grøne og raude tonar, gjerne jordfargar, i lag med svart og grå.