Johan Havaas møter veggen i Kabuso

framside havaasbok

Framside til bok om Johan Havaas. Boka er til sals i kafeen på Kabuso.

Vegg av norges-glas, møysommeleg stabla og festa saman av kunstnaren Ine Harrang. Og kva har ho putta på glasa? Lav og mose... 

Det er ikkje så ofte eg går på kunstutstillingar.

- Men denne er vel verd eit besøk!
Ja, eg veit.
Ettersom eg er frå Granvin, designa Havaas-boka og deltok i “Havaas-kommisjonen” ...
(og endåtil kjenner nokre Havåsingar)- så er eg vel ikkje heilt objektiv.


Continue Reading

Ostegården har verdas beste ost!

Her om dagen, nærare bestemt 2. november 2018 benka eg meg for å sjå Vestlandsrevyen, og ante fred og ingen fare. Og plutseleg dukka Jørn opp, med pokal og eit digert glis! Fantastisk!!! For nokre år sidan laga eg logoen til Ostgården. (artikkelen er saksa frå nettsida til NRK)

Det er kjempekjekt å ha designa logoen til verdas beste ost! Eg må berre takka for tilliten og gratulerer til Jørn og Ostegården! - og dei flinke kyrne hans, naturlegvis 🙂

Siderboksen er her!

Sider frå Hardanger Saft- og Siderfabrikk i boks!

Eg må berre syna den fram her i bloggen og. Synest denne vart veldig bra!
Akkurat slik eg planla den skulle sjå ut.

Tunheim Hardangersider på boks. Foto: Hardanger Saft og Siderfabrikk

Var på polet på Voss fleire gonger og sjekka. Nei då, den var utseld.
Etter nokre bomturar fekk eg endeleg grabba tak i ein boks framfor nasa på ein annan kunde. jippi!
Dama i kassa fortalde dei vart utselde på eit blunk og venta på neste levering.

Forklaring: Designen på boksen er laga av meg, Liv Jorun Aga for Hardanger Saft- og Siderfabrikk i Ulvik.

Hysterisk oppteken av back-up

bilde av f6-data knapp
Gammal macen min vart sendt til resirkulering. F6 knappen var alt som låg att i bilen.
I går gjekk den gamle Mac-en min til gjenvinning.

Stakkars. F6-knotten var alt som låg att i bilen, som ein siste suvenir. Til minne om lang og tru teneste frå 2004 heilt fram til 2015, då den fekk hjarteatakk. Gammal-macen fekk akutt stopp i dato-hukommelsen og kunne ikkje reddast.
Typisk grunn til å ta back-up. (Eller når eg tabbar meg ut, og slettar eller endrar ting. Og angrar… )
Men attende til 2015 og stakkars macen.

Hjelp, – tenk om alle bileta og jobbane er gått fløten…!?

Les meir «Hysterisk oppteken av back-up»

Det gjekk ikkje heilt etter planen…

Heimasidene mine.

Dei skulle ha vore klar før sommarferien. Det gjekk ikkje heilt etter planen. Først måtte eg berre sjekka ut diverse spesialeffektar i ulike program som kom med sine oppdateringar…

-Ikkje sant, alle kjem med nye ting og oppdateringar samtidig.
Ein stakkar kan gå heilt i ball, moglegheitane er plutseleg utallige. Tida går med til testing av ymse variantar. Og  – ja du ser resutaltet på illustrasjonen her. Mykje moro med Illustrator…!

Bildet av meg er overalt…

Les meir «Det gjekk ikkje heilt etter planen…»