Dyranut Fjellstova oversiktbilde
Heimesider for Dyranut Fjellstova på Hardangervidda. (Dei raudmåla bygningane på biletet.)

Design av heimesider for Dyranut Fjellstova på Hardangervidda i 2018.
Oppdrag frå dei nye eigarane, som overtok hausten 2017.

Heimesidene er laga i WordPress med basis i eit hotell-theme.
Sidene er utvikla i samarbeid med ITDrift AS, som tok seg av basiskodinga/ implementering og webhosting.

Dyranut Fjellstova med godt skiføre.

Heimesidene legg vekt på rein og enkel design, fjellet og vidda er i fokus.
Sidene har fleire biletgalleri med plass til masse bilder og ein oversiktleg blogg.

Dei nye eigarane. Emily og Adrian Hus, borna Hedvig (4 år) og Helleik (1 år), og foreldra til Adrian: Ragnhild Telle og Torstein Hus.

Du finn info om fjellstova, overnatting, kurs, turar og servering i restauranten. Du kan sjå bilete frå fjellet og du kan gå vidare til Instagram. Bloggen tek deg med på turar, på kurs og diverse anna.

Du finn informasjon om turar og opplevingar.

På førehand hadde dei nye eigarane jobba grundig med tekst og bilete.
Dei hadde og fått løyve frå fotografen/dei gamle eigarane til å bruka eksisterande bilete frå den gamle heimesida, slik at eg kunne velja og vraka. Nye bilete hadde dei og.

Biletgalleri

– Min jobb var å finne eit egna theme/design, tilpassa designet til den nye profilen, strukturere innhaldet og lage layout/skisser for alle sidene. Deretter klargjera alle elementa for web, vidaresenda dette til koding.
Etter at sidene var ferdig oppdaterer Dyranut Fjellstova bilete og tekst sjølve.

Klikk her for å sjå sidene: Dyranut Fjellstova

Skroll til toppen