Bilde av turtavle Hamre-Oksen i Granvin
Turtavle til fjellet Oksen, denne har startpunkt frå Hamre i Granvin. Det vart laga 7 ulike tavler med samme ruter, ulike bilder og ulike startpunkt.

Granvin turlag har merka ei mengd med flotte turløyper i og rundt Granvin.
Dei aller mest populære er toppturane til fjellet Oksen som har kanskje den flottaste utsikta i Hardanger.
Til Oksen går det fleire stiar med ulike startpunkt; frå Granvin-sida og frå andre sida av Oksenhalvøya, frå grendene Tjoflot og Djønno.

Våren 2019 starta Granvin turlag jobben med å lage 6 store infotavler som skulle plasserast ved kvart startpunkt av dei ulike stiane til Oksen: Tjoflot, Djønno, Stokksel, Røynstrand, Selstad og Hamre. – Ei ekstra, enklare tavle til Djønno, vart etterbestilt (altså 7 tavler totalt).

turtavle til Oksen frå tjoflotturtavle til Oksen frå bjørndalen
Det vart laga 7 ulike turtavler som syner stiane til Oksen. Tavlene har samme tekst og samme ruter, men ulike startpunkt og litt ulike bilder. På dette bildet kan du samanlikne tavla på Tjoflot og tavla på Røynstrand i Granvin (via Bjørndalen).

Turlaget, med Anne L som primus motor, jobba i lang tid med å samle inn informasjon og bilder, skrive tekst, hente informasjon frå lokale stifinnarar og grunneigarar. Då informasjonen var klar vart teksten omsett til engelsk. (Etter mange grundige rundar med kontroll av informasjon og korrektur)

Informasjonstavlene skal stå ein del år og dei kostar litt peng og mykje arbeid. Så det gjeld å vera nøye.

Tavlene er solide og festa på metall-bein, støypt fast i grunnen. Den spreke gjengen i Granvin turlag tok jobben med å setje opp tavlene.
Turlaget har og hatt den tøffe jobben med å rydde og merke alle løypene og med montering av vegvisar-skilt i terrenget.

Alle stiar er teikna inn etter nøye informasjon frå Granvin turlag og lokalkjende.

Stiane er tydeleg merka med raudt i terrenget. Dette er “raud-løyper”, dvs dei er bratte og krevjande.

Tavlene har koordinatar for startpunk

Tavlene har nødinfo med koordinatar på startpunktet.

MIN JOBB:
Design/formgjeving av tavler, legge inn tekst, velge ut bilder i samarbeid med kunde og klargjere alle bilder for trykk/produksjon.
Hente inn og sette sammen kart, klargjere dette til tavlestørrelse A2.
Legge inn stiar på kartet, i lag med ulike symbol og lokale navn.
Klargjering alt av materiell til produksjon i samarbeid med trykkeri/tavleprodusent og etter retningsliner frå DNT.

Verktøy: Indesign, Illustrator og Photoshop.
Kvar enkelt av trykkfilene er 50-60 mb, produsert i rgb.

Skroll til toppen