
Klassisk eksempel på at eit bilde seier meir enn 1000 ord.
Her kjem eit bilde til:

Foto: Tom Brenner, Reuters/Scanpix
Klassisk eksempel på at eit bilde seier meir enn 1000 ord.
Her kjem eit bilde til:
Det er ikkje så ofte eg går på kunstutstillingar.
- Men denne er vel verd eit besøk!
Ja, eg veit.
Ettersom eg er frå Granvin, designa Havaas-boka og deltok i “Havaas-kommisjonen” ...
(og endåtil kjenner nokre Havåsingar)- så er eg vel ikkje heilt objektiv.
Det er kjempekjekt å ha designa logoen til verdas beste ost! Eg må berre takka for tilliten og gratulerer til Jørn og Ostegården! – og dei flinke kyrne hans, naturlegvis 🙂
Sider frå Hardanger Saft- og Siderfabrikk i boks!
Eg må berre syna den fram her i bloggen og. Synest denne vart veldig bra!
Akkurat slik eg planla den skulle sjå ut.
Var på polet på Voss fleire gonger og sjekka. Nei då, den var utseld.
Etter nokre bomturar fekk eg endeleg grabba tak i ein boks framfor nasa på ein annan kunde. jippi!
Dama i kassa fortalde dei vart utselde på eit blunk og venta på neste levering.
Forklaring: Designen på boksen er laga av meg, Liv Jorun Aga for Hardanger Saft- og Siderfabrikk i Ulvik.
Stakkars. F6-knotten var alt som låg att i bilen, som ein siste suvenir. Til minne om lang og tru teneste frå 2004 heilt fram til 2015, då den fekk hjarteatakk. Gammal-macen fekk akutt stopp i dato-hukommelsen og kunne ikkje reddast.
Typisk grunn til å ta back-up. (Eller når eg tabbar meg ut, og slettar eller endrar ting. Og angrar… )
Men attende til 2015 og stakkars macen.
Dei skulle ha vore klar før sommarferien. Det gjekk ikkje heilt etter planen. Først måtte eg berre sjekka ut diverse spesialeffektar i ulike program som kom med sine oppdateringar…
-Ikkje sant, alle kjem med nye ting og oppdateringar samtidig.
Ein stakkar kan gå heilt i ball, moglegheitane er plutseleg utallige. Tida går med til testing av ymse variantar. Og – ja du ser resutaltet på illustrasjonen her. Mykje moro med Illustrator…!