Det gjekk ikkje heilt etter planen…

Heimasidene mine.

Dei skulle ha vore klar før sommarferien. Det gjekk ikkje heilt etter planen. Først måtte eg berre sjekka ut diverse spesialeffektar i ulike program som kom med sine oppdateringar…

-Ikkje sant, alle kjem med nye ting og oppdateringar samtidig.
Ein stakkar kan gå heilt i ball, moglegheitane er plutseleg utallige. Tida går med til testing av ymse variantar. Og  – ja du ser resutaltet på illustrasjonen her. Mykje moro med Illustrator…!

Bildet av meg er overalt…

Og kvifor har eg brukt bildet av meg sjølv alle stader på heimesida?
(Bortsett frå at eg er sjøldiggar, naturlegvis…) –  Svaret er enkelt:
Eg brukar bildet av meg sjølv sidan det er relevant – eg marknadsfører meg sjølv.
Dessutan, bildet av meg kan eg herpa så mykje eg vil, utan så spørja om lov, og eg kan syne fram ulike teknikkar i foto-redigering.

Men til poenget: Heimasidene mine- dei du er inne på no – er på lufta. Og sidan eg har brukt WordPress som plattform er alle moglegheiter opne.
NO kan eg utvide, endre og ordne på i det uendelege.
Dersom eg ikkje har utført for mange spesialtilpassingar kan eg til og med endre theme, om eg går lei av det eg har. (Theme – altså design).

Innhaldet er litt tynt her og der. Men eg har prioritert å få sidene på lufta.
Meir innhald kjem etterkvart. Og du kan gjerne ta kontakt om du har spørsmål!
Til kontaktsida