Panikkangst

Javel. Då har eg kasta meg ut i det på nytt. Freelancer utan fast inntekt.  Etter 10 år som høvleriarbeidar på deltid måtte eg berre ta tida mi attende. Skummelt. Tenk om kundane mine har gjeve meg opp… ?
Ok. Forklaring trengst: Frå og med no – februar 2017 – jobbar eg på fulltid i eige firma med reklame og design. Då får eg betre tid til kundane mine og betre kapasitet. Men eg kan ikkje svikta Granvin Bruk heilt. Eg stiller som vikar om det trengst.  Kjekk skiftbas på høvleriet, veit du.

Prøveraktetten på Flåklypa. Orkan midt i fleisen

Legg igjen en kommentar