Designhjelp

Design av brosjyre, logo, heimeside…

Godt reklamemateriell gjev eit godt førsteinntrykk.
Det sparer deg dessutan for mykje arbeid.

Klart du kan lage reklamemateriell sjølv.   – Når du får tid.
Det å lage reklame (-materiell) for eige firma er noko av det vanskelegaste og mest tidkrevjande som finst. Det tek tid. Vanvittig mykje tid.
– Som du heller kunne ha brukt på å gjere det du eigentleg kan.

Profesjonellt reklamemateriell treng ikkje koste skjorta!
I staden for å kaste vekk ein “dullion”  timar på “å lage sjølv” kan eg lage profesjonellt reklamemateriell for deg. Du får ein unik profil som er berre din.
Du får vanlegvis ein ca. pris/ timeoverslag på førehand. Eg jobbar gjerne ut frå dine skisser, og kan kome med innspel om du ynskjer det.

Når du treng hjelp til å lage din unike logo, brosjyre, heimeside osv, kontakt meg.

Eg HJELPER deg med:

 


DESIGN AV LOGO:

Eg kan designe ein logo for deg, eller lage logo frå ein ide du alt har tenkt ut.

 

Dette treng eg frå deg for å lage logo:

“Eg har ei skisse, kan du laga logo av denne?”
Ja.
Men det kan hende eg må omarbeide den.
Teikningar må ofte justerast eller forenklast. Tekst må omgjerast til vektorbilder. Bilete må klargjerast slik at dei kan nyttast i logo. Logo skal fungere både i lite og i stort format.
Hugs:
Du kan ikkje “låne” andre sine teikningar/logoar eller figurar/bilete du finn på internett, -eller andre stader. Lov om opphavsrett set strenge krav til dette.
• Pris- sjå nedanfor, pkt. 1)

“Eg har null peiling på kva eg skal ha til logo, kan du hjelpe meg?”
Ja, naturlegvis. I staden for at du skal bruke ein dullion timar på å klekke ut ein god logo til firmaet ditt, kan eg hjelpe deg med dette. Fortel meg alt om produktet ditt og ideen din, kva kundar du har/vil ha, om filosofien din (dersom du har nokon), kva fargar du likar/ikkje likar, osv… Og eg er i gang.
Dette er ikkje “ferdig-logo” frå ein standard-mal, men EKTA logo teikna ut frå info frå deg.
• Pris – sjå nedanfor, pkt 2)

PRIS PÅ DESIGN AV LOGO:

1)  LOGO basert på skisse / idé eller bilete frå kunde,  kr. 2990,- (eks mva)
Inntil 3 rundar med justeringar/korrektur.
Arbeid utover dette kjem i tillegg, og vert fakturert på timebasis.
Ev. møter kjem i tillegg.


2)  LOGO -design “frå grunnen av”,
   kr. 5980,- (eks mva)
Du får inntil 3 ulike forslag, klargjering av eitt av dei.
Inntil 3 rundar med justeringar/korrektur av dette forslaget.
Arbeid utover dette kjem i tillegg, og vert fakturert på timebasis.
Ev. møter kjem i tillegg.
Som nemnt ovanfor:
Dette er ikkje “ferdig-logo” frå ein standard-mal, men EKTA logo teikna ut frå info frå deg.

Logo vert klargjort i filformata ai-pdf-png.
Ev. andre filformat om du ynskjer det.

Logomanual (pdf) for din logo: Fargekodar, bruk av logo etc, kr. 480,- (eks mva)

Kva er ein Logo?

Norsk ordbok: “frå gresk av logos ‘ord, tale’. firma- eller varemerke med spesiell grafisk utforming, brukt som kjennemerke.”
Engelsk ordbok: “a symbol or other small design adopted by an organization to identify its products, uniform, vehicles, etc.”

Med andre ord: Ein logo er eit symobol som representerer deg, produktet ditt, firmaet ditt. Ein figur, enkel illustrasjon, bokstavar, eller kombinasjon av dette. Som er DEG.
Med “dine” fargar. Din “skrifttype”. Som du kan bruke på dine produkt, din etikett, bilen din, kontoret ditt, websida di, trykksakene dine.

 

MÅ du ha ein logo i full fart, helst i morgon eller over helga, – Oops – då treng eg litt tid.
Logo må ta den tida den treng for å bli klar.
Akkurat som godt spekekjøt…og god Hardangersider.
Men ta kontakt, og avtal tid her:    gå til kontaktside

døme på logo

til toppen

sjå prisliste


 

BROSJYRE – falder – flygar:

Ein god brosjyre sparar deg for mykje arbeid. Her fortel du alt kundane dine spør om heile tida. Du kan syne bilder av det du gjer og produkta dine. Du slepp å fortelja omatt og omatt dei same tinga.
MEN det å lage brosjyra er ofte ein kamp. Med deg sjølv.
Kva skal med? Har eg bilete? Kvar er dei? Korleis skal eg gjere dette? Kva meiner dei andre i firmaet (slekta)? Og når skal du få tid til dette? Når du etter mange veker (månader) har mekka i hop noko du endeleg er nøgd med, og tek kontakt med eit trykkeri: – Då forlangar trykkeriet at du leverer “trykkeklar pdf” …?!!!
– veit du ikkje kva dette er, får du problem. (det er då du kontaktar meg)

Eg designar og lagar brosjyre for deg og klargjer alt fram til trykking. Du får forslag til disposisjon av innhald, tekst og kva bilete som kan fungera. Du er den som kan mest om produktet ditt, men eg hjelper deg med å vurdere kva som skal med, og korleis ting kan presenterast. Du får naturlegvis skisser undervegs som du kan korrigere.

Type og størrelse på brosjyre avheng av kva du skal bruka brosjyra til, type produkt, korleis du skal dele ut brosjyra, kven som skal få den, – og ikkje minst av budsjettet ditt. Ein brosjyre kan vere alt frå ein liten falder til å putta i lomma, til ein omfattande produktkatalog eller ei årsmelding.

Kva treng eg frå deg?
Mest mogleg informasjon om kva du driv med og produktet ditt. Kva du har tenkt, korleis du jobbar, kundane dine. Du treng ikkje laga ein flott presentasjon til meg, – eg finn ut av det. Logoen din, om du har ein. Dessutan vil eg ha mest mogleg bilete, alt mogleg. Gode og dårlege, alt du har. Og så finn eg ut kva som kan brukast og kva me må skaffe.

Eg klargjer alt materiell for trykking og kan ha kontakt med trykkeriet.
Eller du kan ordne dette sjølv om du ynskjer det.

Materiellet kan og klargjerast som pdf for publisering/nedlasting frå heimesida di eller som ei fil du kan sende med e-post.

til toppen
sjå brosjyrar her

 


 

WEBSIDER – heimesider:

Driv du eige firma? Då treng du heimeside.
Folk flest reknar med å finna verksemda di på nettet. (Dersom du trur at Facebook-side er det samme som “gratis” heimeside, OK. Eg foreslår at du googlar litt på det.)

Eg lagar design til heimesider / websider for deg og klargjer alt materiell fram til publisering. Heimesidene vert laga med WordPress. Dette er eit fleksibelt system basert på ferdige theme (layout-malar) som kan utvidast med nettbutikk, booking osv.
Det finst tusenvis av themes (malar) du kan velje mellom.
Når sidene er klargjort, kan du redigere og oppdatere heimesida di sjølv etter logg-inn metoden. Omlag slik du oppdaterer ei Facebook- eller Instagram-side.

Det å lage gode, fungerande, og sikre heimesider krev god data- og sikkerheitskunnskap. Eg samarbeider med data-firmaet ITDrift på å lage heimesider.
Min del av jobben er design/layout, disposisjon av innhald og klargjering av tekst/bilete. ITDrift tek seg av av domene, koding, webhotell, backup og sikkerheit.
Reint praktisk kan du ha all kontakt med meg.

Kostnad med heimesider er todelt:
1) Eingongskostnad: Layout/klargjering av sidene og publisering.
2) Faste månadsutgifter til webhotell/domene.
– Altså parkering av heimesida di og heimesidenavnet ditt.

Standard spørsmål: “Eg skal ha ei enkel heimeside, kva kostar dette”?
– Du ynskjer websider som du kan oppdatere sjølv, med tekst og bilder, som kan utvidast med ulike funksjonar og som ikkje er altfor tungvinte å redigere.
Og som fungerer både for kunde (lesaren din) og for deg. – Ikkje sant?

Samanlikna med ein brosjyre vil ei heimeside kosta noko meir å utvikle.
Fordelen med ei heimeside er at den kan oppdaterast heile tida.
Den vert (i teorien) aldri utdatert.
Ein brosjyre derimot, – når den er for gammal  – då må du trykke ny.

Eg brukar systemet WordPress, der kan du sjølv redigere tekst og bilete etter at heimesida er publisert:
– Me finn eit theme (ferdig layout) du likar, klargjer denne, og legg inn din logo, din profil, dine bilete og din tekst. Tid og kostnad vil vere omlag som for ein brosjyre:
– Pris avheng av antal sider, innhald og materiell. Og kva funksjonar du skal ha.

Brukar me ein ferdig mal utan å endre basismalen, treng det ikkje ta så lang tid.
Skal du ha ei “skreddersydd” heimeside med mange endringar vil dette ta meir tid.
– Og som du veit: Tid er pengar.

Kontakt meg, fortel kva du har tenkt, og du får eit pristilbod.

Vil du ha eit “startoppsett” der du jobbar med sidene dine sjølv, vert prisen låg.
– MEN dette krev at du må ha / skaffe deg kunnskap om wordpress og webredigering,
og ikkje minst at du har TID.

 

…Eg reknar med du tenkjer at “dette kan eg (eller ungane mine) gjera sjølve, gratis”.
Kanskje det.  Ikkje kom til meg når sidene dine går ned for telling, vert “hakka” eller du skal oppdatere og opplever at sidene vert borte. Då kan den “gratis” websida di fort kosta flesk.

til toppen
sjå døme på heimesider / websider her

 


ETIKETT – PAKNINGDESIGN:

Det er sjarmerande med heimelaga produkt og heimelaga etikettar. Men når volumet aukar vert dette eit problem:
Du får ikkje tid til å klyppe og lime på etikettar sjølv, skrivaren din taklar ikkje jobben eller kanskje du treng strekkode på produktet.

Eg designar og klargjer etikettar eller pakning for deg, heilt fram til trykking.
Med eller utan strekkode.
Eg har kontakt med trykkeri som har spesialisert seg på trykk av etikettar og pakningar. Eller du kan ordne dette sjølv om du heller vil det.

til toppen
sjå  døme på etikettar her

 


ANNONSE  / PLAKAT / roll-up / banner

Eg kan hjelpe deg med ide til tekst, bilete og innhald. Eller lage forslag ut frå informasjon du kjem med.
Du får skisse med tekst og bilder for korrigering, – og ferdig original som er klargjort til trykk/print / publisering.

Plakat – rollup – banner: Størrelse og type avheng av staden og bruken. Dette gjeld forsåvidt annonser og, men dei skal stort sett trykkast i eit blad/avis. Plakatar skal brukast for å bli sett, innandørs eller utandørs. I tillegg skal dei kanskje tole vær og vind, kanskje du skal bruke dei omatt.

Du har 3 sekundar på deg til å bli sett og forstått.
Svært få brukar lang tid på å studere ein plakat eller annonse for å finne ut kva den eigentleg fortel dersom overskrifta (eller biletet) er uinteressant.  – Ei krypisk eller uinteressant overskrift og dertil høyrande kjedeleg bilete sender lesaren kjapt vidare. (Farvel til den kunden.)
Sjå døme på plakatar her.

Annonse: Du får annonser klargjort til trykk frå meg i korrekt fil-format og du kan sende dei til avis/magasin/webside sjølv. Eller eg kan ordne dette for deg.
Døme på annonser / lysingar

til toppen


 

BOKDESIGN – lage di eiga bok:

Bøker er omfattande – og spennande å jobba med. Dei tek tid, ofte stikk dei av på sine eigne vegar.

Eg kan hjelpa deg med redigering av innhald, layout og klargjera heile boka for deg, fram til trykking og innbinding. Layouten lagar eg spesielt til boka. Du får skisser undervegs som du kan korrigera, med bilder og tekst.
Det praktisk om du har det meste av innhaldet er nokonlunde klart før eg går i gang. Bilete og utfyllande informasjon kan kome til etterkvart. Av og til dukkar det opp materiell undervegs om er kjekt å ta med, og då er det tida og sidetalet som styrer dette.

Du må gjerne sjå litt på dei bøkene eg har laga, der står det litt om korleis den praktiske arbeidsgangen er. Den siste boka var for Brødrene Hjønnevåg i Uskedalen.

sjå nokre av bøkene her:

Eg kan formidle kontakt med trykkeri/innbinding, eller du kan ordne dette sjølv om du ynskjer det.

til toppen


 

JAVISST- eg skriv ofte langt.
Fordi eg er overbevist om at du gjerne vil vita mest mogleg om kva du får,
før du brukar pengar på “reklameting”  – altså marknadsføring.

–   du finn prislista mi her