Design av websider

WEBSIDER – heimesider:

Driv du eige firma? Då treng du heimeside.
Folk flest reknar med å finna verksemda di på nettet. (Dersom du trur at Facebook-side er det samme som “gratis” heimeside, OK. Eg foreslår at du googlar litt på det.)

Eg lagar design til heimesider / websider for deg og klargjer alt materiell fram til publisering. Heimesidene vert laga med WordPress. Dette er eit fleksibelt system basert på ferdige theme (layout-malar) som kan utvidast med nettbutikk, booking osv.
Det finst tusenvis av themes (malar) du kan velje mellom. Når sidene er klargjort, kan du (med litt innsats) redigere og oppdatere heimesida di sjølv etter logg-inn metoden. Omlag slik du oppdaterer ei Facebook- eller Instagram-side.

Det å lage gode, fungerande, og sikre heimesider krev god data- og sikkerheitskunnskap. Eg samarbeider med data-firmaet ITDrift på å lage heimesider.
Min del av jobben er design/layout, disposisjon av innhald og klargjering av tekst/bilete. ITDrift tek seg av av domene, koding, webhotell, backup og sikkerheit.
Reint praktisk kan du ha all kontakt med meg.

Kostnad med heimesider er todelt:
1) Eingongskostnad: Layout/klargjering av sidene og publisering.
2) Faste månadsutgifter til webhotell/domene.- Altså parkering av heimesida di og heimesidenavnet ditt.

Standard spørsmål: “Eg skal ha ei enkel heimeside, kva kostar dette”?
– Du ynskjer websider som du kan oppdatere sjølv, med tekst og bilder, som kan utvidast med ulike funksjonar og som ikkje er altfor tungvinte å redigere.
Og som fungerer både for kunde (lesaren din) og for deg. – Ikkje sant?

Samanlikna med ein brosjyre vil ei heimeside kosta noko meir å utvikle.
Fordelen med ei heimeside er at den kan oppdaterast heile tida.
Ein brosjyre derimot, – når den er for gammal  – då må du trykke ny.

Eg brukar systemet WordPress, der du sjølv kan redigere tekst og bilete etter at heimesida er publisert.
– Pris avheng av antal sider, innhald og materiell. Og kva funksjonar du skal ha.

Brukar me ein ferdig mal med få endringar, treng det ikkje ta så lang tid.
Skal du ha ei “skreddersydd” heimeside med mange endringar vil dette ta meir tid.
– Og som du veit: Tid er pengar.

Kontakt meg, fortel kva du har tenkt, og du får eit pristilbod.

Vil du ha eit “byggesett” der du jobbar med sidene dine sjølv, vert prisen lågare. MEN dette krev at du må ha/ skaffe deg kunnskap om wordpress og redigering. Og at du har TID.

til toppen
sjå døme på heimesider / websider her