Design av LOGO

Eg kan designe ein logo for deg, eller lage logo frå ein ide du alt har tenkt ut.

 

Dette treng eg frå deg for å lage logo:

Eg vil ha mest mogleg info om firmaet ditt, eller produktet ditt!
Kva firmaet ditt gjer, kven er kundane, kva produkt eller teneste, beskriv kva inntrykk du vil at ditt firma eller ditt produkt skal gjere. Korleis vil du at ditt produkt ditt firma skal oppfattast?
Kva skal du bruke logoen til, har du logo frå før som skal endrast osv osv.

“Eg har ei skisse, kan du lage logo av denne?”
Kjempefint om du har tankar og ideear- at du veit kva du vil ha eller – kva du ikkje vil ha! Hugs eg er ikkje tankelesar. Det gjer jobben min enklare dersom etter meir eg veit om kva du har tenkt.
– Det kan hende eg må omarbeide skisse/ide litt. Teikningar må ofte justerast eller forenklast. Tekst må omgjerast til vektorbilder. Bilete må klargjerast og gjerne forenklast dersom dei skal nyttast som logo. Logo skal fungere både i lite og i stort format.
Atterhald: Du kan ikkje “låne” andre sine teikningar/logoar eller figurar/bilete. Dette gjeld og materiell du finn på internett, -eller andre stader.
Lov om opphavsrett set strenge krav til dette.

“Eg har null peiling på kva eg skal ha til logo, kan du hjelpe meg?”
Ja, naturlegvis.
I staden for at du skal bruke ein dullion timar på å klekke ut ein god logo til firmaet ditt, kan eg hjelpe deg med dette. Fortel meg alt om produktet ditt og ideen din, kva kundar du har/vil ha, om filosofien din (dersom du har nokon), kva fargar du likar/ikkje likar, osv…
Og eg er i gang.
Eg lagar ikkje “ferdig-logo” frå ein standard-mal, men EKTA logo teikna ut frå info frå deg.

PRIS PÅ DESIGN AV LOGO:

1)  LOGO basert på skisse / idé eller bilete frå kunde,  kr. 2990,- (eks mva)
Inntil 3 rundar med justeringar/korrektur.Arbeid utover dette kjem i tillegg, og vert fakturert på timebasis. Ev. møter kjem i tillegg.

2)  LOGO -design “frå grunnen av”,   kr. 5980,- (eks mva)
Du får inntil 3 ulike forslag, klargjering av eitt av dei.
Inntil 3 rundar med justeringar/korrektur av dette forslaget.
Arbeid utover dette kjem i tillegg, og vert fakturert på timebasis.
Ev. møter kjem i tillegg.
Som nemnt ovanfor: Dette er ikkje “ferdig-logo” frå ein standard-mal, men EKTA logo teikna ut frå info frå deg.

Logo vert klargjort i filformata ai-pdf-png. Eller andre filformat om du ynskjer det.

Logomanual (pdf) for din logo: Fargekodar, bruk av logo etc, kr. 480,- (eks mva)

 

Kva er ein Logo?

Norsk ordbok: “frå gresk av logos ‘ord, tale’. Firma- eller varemerke med spesiell grafisk utforming, brukt som kjennemerke.”
Engelsk ordbok: “a symbol or other small design adopted by an organization to identify its products, uniform, vehicles, etc.”

Ein logo er eit symobol som representerer deg, produktet ditt, firmaet ditt. Ein figur, enkel illustrasjon, bokstavar, eller kombinasjon av dette.
Som er DEG. Med “dine” fargar. Din “skrifttype”. Som du kan bruke på dine produkt, din etikett, bilen din, kontoret ditt, websida di, trykksakene dine.

MÅ du ha ein logo i full fart, helst i morgon eller over helga…, 
– Oops – då er det ikkje sikkert eg kan hjelpe deg, sorry.
Logo må ta den tida den treng for å bli klar.
Akkurat som godt spekekjøt… og god Hardangersider.

Men ta gjerne kontakt, her:    gå til kontaktside

døme på logo