Hysterisk oppteken av back-up

bilde av f6-data knapp
Gammal macen min vart sendt til resirkulering. F6 knappen var alt som låg att i bilen.
I går gjekk den gamle Mac-en min til gjenvinning.

Stakkars. F6-knotten var alt som låg att i bilen, som ein siste suvenir. Til minne om lang og tru teneste frå 2004 heilt fram til 2015, då den fekk hjarteatakk. Gammal-macen fekk akutt stopp i dato-hukommelsen og kunne ikkje reddast.
Typisk grunn til å ta back-up. (Eller når eg tabbar meg ut, og slettar eller endrar ting. Og angrar… )
Men attende til 2015 og stakkars macen.

Hjelp, – tenk om alle bileta og jobbane er gått fløten…!?

Continue reading

Det gjekk ikkje heilt etter planen…

Heimasidene mine.

Dei skulle ha vore klar før sommarferien. Det gjekk ikkje heilt etter planen. Først måtte eg berre sjekka ut diverse spesialeffektar i ulike program som kom med sine oppdateringar…

-Ikkje sant, alle kjem med nye ting og oppdateringar samtidig.
Ein stakkar kan gå heilt i ball, moglegheitane er plutseleg utallige. Tida går med til testing av ymse variantar. Og  – ja du ser resutaltet på illustrasjonen her. Mykje moro med Illustrator…!

Bildet av meg er overalt…

Continue reading