Brilleslange

Etter å ha kasta meg ut i det som freelance på heiltid, brukar eg naturlegvis mykje tid framfor dataskjermen. Grafisk design og webdesign er no eingong slik.
Etter ei stund fekk eg meir og meir ilt i hove. (vondt i hodet). Sidan eg naturlegvis har lese litt om skumle ting som hjernesvulst og det som verre er fekk eg litt (mykje) angst.
MEN så googla eg litt då. Nokon påstod at dårleg syn kan laga slike symptom. (Ja, eg tilstår, eg er i alderen der augene går frå nærsynt til langsynt.)
Etter eit besøk hjå optikar Opkvitne på Voss vart eg nokre tusenlappar fattigare, men hoveverken forsvann. Vel verd pengane!
Det gjekk nokre veker før eg fann ut av dei bi-fokale brillene, men så lenge eg sat i ro gjekk det bra. Å gå oppreist med dei kan eg berre gløyma, då er det trynings.
Men eg synest ikkje det vart so gale.