Bokdesign

BOKDESIGN – lage di eiga bok:

Bøker er omfattande – og spennande å jobba med. Dei tek tid, ofte stikk dei av på sine eigne vegar.

Eg kan hjelpa deg med redigering av innhald, layout og klargjera heile boka for deg, fram til trykking og innbinding. Layouten lagar eg spesielt til boka. Du får skisser undervegs som du kan korrigera, med bilder og tekst.
Det praktisk om du har det meste av innhaldet er nokonlunde klart før eg går i gang. Bilete og utfyllande informasjon kan kome til etterkvart. Av og til dukkar det opp materiell undervegs om er kjekt å ta med, og då er det tida og sidetalet som styrer dette.

Du må gjerne sjå litt på dei bøkene eg har laga, der står det litt om korleis den praktiske arbeidsgangen er. Den siste boka var for Brødrene Hjønnevåg i Uskedalen.

sjå nokre av bøkene her:

Eg kan formidle kontakt med trykkeri/innbinding, eller du kan ordne dette sjølv om du ynskjer det.

til toppen

JAVISST- eg skriv ofte langt.
Fordi eg er overbevist om at du gjerne vil vita mest mogleg om kva du får, før du brukar pengar på “reklameting”  – altså marknadsføring.

–   du finn prislista mi her