Eg hjelper deg med å lage etikettar, logo, brosjyre, plakat, heimeside…

– Når du er lei av å klyppe, lime, mekke etikettar og info til produkta dine.
Då kan eg hjelpe deg.
Frå ide, skisse, logo, design og innhald til utforming av ferdig trykksak. Prisane mine er nokonlunde låge, iallefall klagar konkurrentane mine på det.

Dersom du skal mekke reklamemateriell sjølv, må du ha god tid.
– Tid som du heller kunne ha brukt på å gjere det du eigentleg kan.

Før ein kunde tek kontakt med meg har han/ho gjerne brukt uhorveleg mykje TID
på å tenkje, prøve og feile og tenkje på nytt.
…Og på nytt igjen.

Mange har brukt utallige timar, dagar og veker med å google, klyppe og lime.
Ofte med familie og vener som assistentar.
– Men så tek businissen av.
Og tida strekk ikkje til. (eller ungane vert eldre og vil gjere andre ting…)

Du treng LOGO.
Eg kan designe ein logo for deg, eller lage logo frå ein ide du alt har tenkt ut.
Pakkeprisar på logo.
Les meir her
Du treng ETIKETT.
Eg designar etikettar/ pakningsdesign til produktet ditt, og leverer trykkeklar pdf (fil) til deg eller direkte til trykkeriet.
Les meir her
Du treng HEIMESIDE.
Eg lagar design til nettside /heimeside for deg og klargjer alt materiell fram til publisering. Eg ordnar med webhotell og å få sidene dine på nett.
Les meir her
Du treng BROSJYRE.
Eg designar og lagar brosjyre for deg og kan hjelpe deg med med ide, tekst, bilete og innhald. Eg leverer “trykkeklar pdf” til deg, eller direkte til trykkeriet.
Les meir her
Du treng PLAKAT.
Eg designar og lagar plakat for deg, og kan hjelpe deg med ide til tekst, bilete og innhald.
Trykkeklar fil levert til deg, eller direkte til trykkeriet.
Les meir her
… kanskje du skal lage BOK?
Eg kan hjelpe deg med layout/formgjeving av innhald og designe og klargjere heile boka for deg fram til trykking. Trykkeklar fil til deg eller direkte til trykkeriet.
Les meir her

God design er god kommunikasjon

Designet skal framheve profilen din, fungere for produktet ditt, og skille deg ut frå konkurrentane og likevel vere relevant. Ikkje berre vere dekor.
Sjølv om du berre har eit bittelite firma med eitt produkt eller ei teneste, må du likevel tenkje på logo, profil og til og med merkevarebygging. Ansiktet ditt utad. Eit godt førsteinntrykk.

Det er dette eg kan hjelpe deg med.
Eg synest det er viktig at logoen eg lagar for deg, – er DEG.
At designen eg lagar på etiketten eller pakninga er rett for produktet ditt.
At fargane eg plukkar ut for deg, – er DEG eller produktet DITT. – Ikkje berre pen dekor utan mål og meining. (Sminke heiter det.)
Og at det du fortel til dine kundar om produktet ditt og tenestene dine ikkje berre er “slogans” du har funne på nettet.

Godt reklamemateriell sparar deg dessutan for mykje klur.

Kontakt meg for eit pristibod, eller berre for å ta ein uforpliktande prat.

Små, lokale verksemder er heltane mine

– og dei eg likar aller best å jobbe med.
Dei fleste kundane mine er gründer-verksemder, ofte småskala produsentar innan lokalmat og drikke. Kortreist. Lokalisert i Hardanger eller ein annan stad her på vestlandet. Slik som eg. Det er praktisk og me snakkar samme språket.

Sideretikettar for Hardanger Saft og Siderfabrikk
Ei samling flaske-etikettar designa for Hardanger Saft og Siderfabrikk.  Etikettane er designa til flaska, innhaldet og kunde sin profil. Foto: Siderfabrikken. Fotomontasje: LJAga.

Pene ting sel betre enn stygge ting.

Dette veit dei fleste. Og for å få til noko “pent“ har du sannsynlegvis brukt utallige timar på å google og leite på nettet etter noko du synest er pent og du kan “låne”.
Deretter lagar du ein kopi av dette, som ser kliss likt ut noko som mange andre brukar…
I tillegg kan du i verste fall verte saksøkt for plagiat.

Logo til Bilskadesenteret Voss, design: LJAga. Foto: Bilskadesenteret

Du får ein unik design-profil som er berre din.

I staden for å kaste vekk ei mengd timar på “å lage ein dårleg kopi” kan eg lage profesjonellt materiell for deg.
Som har din profil, dine fargar, eit design spesielt laga til ditt firma – med din heilt unike logo.
Du kan få ein ca. pris/ timeoverslag på førehand.
Eg jobbar gjerne ut frå dine skisser, og kan kome med innspel om du ynskjer det.

Design av Tur- og infotavler for Granvin turlag

Eg samarbeider med gode, effektive og rimelege trykkeri og pålitelege web-hotell.
– Naturlegvis prioriterer eg dei lokale leverandørane dersom dei kan levere desse tenestene.
Det er kortreist, me snakkar samme språket og ein støttar lokale arbeidsplassar.
Eg  kan formidle eller ha direkte kontakt med trykkeri/web-hotell for deg. Så sparar du tid på det og.

Godt reklamemateriell gjev eit godt førsteinntrykk. Det sparar deg dessutan for mykje arbeid .

Når du treng hjelp til å lage din unike profil, kontakt meg.

 

Eg HJELPER deg med:

 

Her er nokre av oppdraga eg har utført:

Skroll til toppen